2. januar spilles løskveld.
RESULTAT
Resten av januar spiller A-pulja vanlig lagturnering, mens B-pulja spiller parturnering. Terminliste for resten av våren finner du HER. Det tas forbehold om endringer.
Alle medlemmer ønskes et riktig godt nytt år!
2016 er snart historie og 2017 står for tur, forhåpentlegvis eit godt nytt bridgeår.
Sidan Eldresenteret er opptatt første måndagen i januar blir det ikkje speling denne kvelden. Første spelekveld blir dermed måndag 9. januar.
Elles står høgdepunkta i kø framover. Det første store på programmet er Nyttårscupen på Jessheim 7. - 8. januar. Thea Hauge speler der med jentelandslaget. Om fleire vil vera med er det framleis plass. Info og påmelding her.
Helga etter går klubbturen vår til Herdla Gjestgiveri. Turen er eigentleg fullteikna, men vi klarer kanskje å finna plass til eit par eller to til om vi snakkar fint med Anne Merete.
Tredje helga i januar er og ei stor bridgehelg. Ole og Laila Årland speler Gol-cup, og vil du reisa lengre kan du slå deg saman med Tor Anders Hauge og Anders Johansson og reisa til København og spela Radisson Blu Scandinavia IMP pairs.
Og til slutt kan vi ta med helga 4. - 5. februar då divisjonsspelinga i dei lågare divisjonane blir avslutta. Os har i alle fall eit, kanskje to lag som kjempar om opprykk til tredjedivisjon. Resultatliste etter første helga her.
Vel møtt til eit aktivt bridgeår i 2017!
« Forrige Neste » 1... 4035 4036 4037 4038 4039 4040 4041 4042 4043 4044 4045 4046 4047 4048 ...12075