I helga spelte Kåre og Robert NM som eit av 3 par frå Sogn og Fjordane. Kåre og Robert blei best av desse og enda til slutt på ein fin fin 34 plass. Gode erfaringar å ta med seg vidare i utviklinga av bridge. Kåre og Robert var som kjent vinnarar av KM spela tidlegare i år. (Førde).
Spelinga måndag 3. oktober blei vunne av Per Skotheim og Hans Victor Koch. 59,7 % score blei det til slutt på dei. Andreplassen gjekk til Anders Johansson - Tor Anders Hauge med 56,9 % og tredje til Elisabeth Over - Åse Bauge med 53,5 %.
Resultat og spelstensilar
Neste måndag blir det ny simultanturnering.
Vel møtt!
Hugs Pub - bridge på samhold fredag 30 sept. Oppmøtetidspunkt kl 18:00.
Tek du turen for eit godt slag kort og ein fin radl? Her er det sjølvsagt konkurranse, men fyrst og fremst med "senka skuldrar" :-)
Vel møtt :-)
Helga 14. - 15. januar blir det igjen klubbtur til Herdla Gjestgiveri. Vi reiser som vanleg utover om føremiddagen laurdag og heimover søndag ved lunsjtider. Sist vi var der, januar 2016, var vi 16 som tok turen. Då vi starta påmeldinga under spelinga måndag meldte alt 13 seg på. Vi har plass til 20 (hvis vi får låna bord av Ole og Laila ) så dei som ynskjer å vera med må vera rask å melda seg.
Pris i enkeltrom 1530.- I dobbeltrom 1285.- Prisen inkluderer lunsj laurdag, middag laurdag kveld og frokost søndag. Elles er all bridgespeling gratis.
Frist for påmelding er 1. november. Påmelding til Anders.
Fantastisk soloppgang over Herdla då vi var der i januar 2016. (Foto: Marit Havelin)
2,5 bord på første kveld. Me rekna opp 9 spelarar til i bygda som mangla, samt ingen frå Gaupne.
Jan Frode kjem aktivt til å undersøke om dei som mangla kjem tilbake, deretter pare i saman dei som vil spele men som manglar makker. - Sterk oppmoding til Gaupne om å syte for at det kjem ein bil innover og. Det er alltid folk frå Skjolden som reiser til Gaupne
Klubben er alltid på jakt etter nye spelarar. Så sant det finnes kandidatar vil det verte kurs i vinter. Aldersgruppe Undgomsskule til dei godt vaksne.
Namn på interesserte meldast raskast råd inn til Jan Frode. Dersom alle medlemmane tek eit tak i rekruttering, er me fort dobbelt så store.
« Forrige Neste » 1... 3856 3857 3858 3859 3860 3861 3862 3863 3864 3865 3866 3867 3868 3869 ...12072