Forsiden
Tips Login
Bridgekrets.com
  • Kretser
  • Siste nytt
  • Om bridgekrets.no
  • Medlemmer
  • Redigering
  • Sponsorer
  • Hjelp

Avansert søk


Søk etter "" ga 120023 treff

EM-research i Tromsø

15.10.2014 10:45

32199 Erlend Skjetne

Tags:

Underteikna har i ein periode residert i Tromsø, det såkalla Nordens Paris som neste sumar blir åstad for den største bridgehendinga i Noreg på ein mannsalder, Ope EM. Grundige psykoanalysar har overtydd meg om at mi eiga bridgeforståing neppe er eit våpen sterkt nok til å ha den ringaste sjanse mot den europeiske eliten; di viktigare blir det for meg å stille maksimalt førebudd på andre omkverve: Når meisterskapen byrjar, vil fåe kjenne vegen til spelelokalet så godt som meg. Eg vil vera van med klimaet og lysforholda. Eg vil vita av dei beste restaurantane og barane. Vona er at dette skal gje meg eit lite fortrinn trass alt, at nokre motstandarar til dømes trør feil og ramlar på sjøen, så eg vinn på walk-over. Dette viktige forarbeidet tek eg på rammaste alvor, det er her mine sjansar ligg.

Men sjølvsagt har eg òg byrja undersøkje den lokale bridgen, for i det minste å bli kjent med dei av motstandarane i EM som har lokal tilknyting. Bridgen i Tromsø er konsentrert kring to klubbar, den sosiale Mixklubben (der ein heldigvis ikkje er tvungen til å forme mixpar) og den noko sterkare BK 1933. Klubben som berre heiter Tromsø BK ser ikkje ut til å eksistere anna enn på papiret, og det same gjeld Tromsøstudentenes BK. Altså kan ein spela to kveldar i veka om ein vil, pluss at diverse meir lyssky bridge stadig går føre seg heime hjå privatpersonar. Oppslutninga i dei aktive klubbane er så som så, men bra i Mixklubben ein del kveldar. For så vidt spelar det ikkje så stor rolle kor mange motstandarar ein har; interessante kortfordelingar kan dukke opp uansett. Vi skal sjå på nokre spel for å få eit lite inntrykk av det som går føre seg her i EM-byen.

Fylgjande kasus dukka opp under ei simultantevling nettopp, og er vonarleg altfor lett for dykk alle. Men ser ein på resultata på landsbasis, er det openbert at mange må ha gjort noko dumt. 

            ªKQ2

            ©A985

            ¨Q1093
           
§83

ªJ863             ª9

©J104             ©KQ762

¨4                   ¨K65

§J9754           §AQ106

            ªA10754
           
©3
           
¨AJ872
           
§K2

Meldingane går vel gjerne noko slikt som 1 hjarter i aust, 1 spar inn, pass i vest og 2 hjarter som ein god løft i nord. Sør hoppar til 4 spar og vest spelar makkers opningsfarge ut. Dette ser komfortabelt ut: Ofte sit både ruter konge og kløver ess på rett side, og ein kan få så mykje som tolv stikk viss trumfen oppfører seg. Den normale sparhandsaminga er å leggje ned konge og dame for å få teke kutten på tiaren om aust har knekten fjerde. Så det er kanskje ein god start? Men vent no litt: Korleis skal ein koma seg inn att i bordet viss ein er på handa etter tri sparrundar? Ein skal jo helst både få teke ein ruterkutt og spela kløver mot kongen, men ein vil ikkje røre ruteren medan for mange trumf er ute. I dette spelet bør ein gje blaffen i den tekniske sparhandsaminga: Hugs at om sparen sit 4-1 er lengda klårt oftast i vest, der den korte hjarteren er. Riktig spel er spar konge, spar til esset og spar til dama. No får ein teke ruterfinessen og har eit garantert andre ruterinntak til også å spela kløver mot kongen. Skulle sparen sitja 4-1 og vest ha ruter konge, er ein riktig nok trumfmatt og vil ikkje få for kløver konge, men då var gode råd dyre uansett. Om ein fyrst tek konge, dame i spar og så skifter til ruter dame, legg aust lågt. Ein må ta ruterkutten på nytt, men no kan vest stela, spela kløver til esset og få nok ei rutersteling. Det skal seiast at sitsen i diagrammet er fingert, aktuelt sat ruteren unekteleg 2-2. Korleis mange likevel greidde å få berre ti stikk, går over min forstand. I Tromsø BK 1933 tok alle elleve, eit godt teikn.

Her er eit interessant spel der sør sat så lenge og grubla og forsinka heile klubbkvelden, at dei andre spelarane nesten gjekk heim. Passande nok vart det feil val til slutt.  

            ªK3

            ©942

            ¨KQ73
           
§A983

ª8                   ªAJ104

©QJ872          ©AK105

¨J9542           ¨108

§104               §J75

            ªQ97652
           
©6
           
¨A6
           
§KQ62

I fyrste hand gunstig sone opna sør 1 spar, og i staden for ein tung 1 grand valde nord å melde 2 kløver, som i praksis var utgangskrav. Sør støtta til 3 kløver, nord sa 3 ruter for å høyre om 3 grand kunne vera aktuelt, men sør avslo den ideen med 3 spar. Nord måtte lette til 4 spar, ein god kontrakt. Hjarter dame kom ut, og no var aust lur då han stakk med kongen for å halde fram med esset. Sør stal og spela en spar til kongen og esset, før hjerter ti kom opp att til ny steling. Mange ville vel no daska ned spar dame, for ei beit direkte, men sør hadde merkt seg åttaren i vest, og drog ein kløver til esset og ein spar mot handa, med plan om å leggje niaren om aust fylgde lågt, ei forsikring mot 4-1-sits. Men aust rekna med at dette var sørs plan, og la i spar ti. Då vest kasta ein hjarter på spar dame, måtte sør gjera eit vegval her. Han har to trumf igjen, like mange som aust, som framleis har spar knekt og krav på eit stikk der. Utfordringa er å halde aust frå eit stikk på spar fire. Det er to alternativ: Ein kan ta konge, dame i kløver og spela ruter ess, konge, dame, som set knekt, fire i spar på mellomhand. Om aust då fylgjer, kastar eit kort eller stel høgt, kastar sør sin siste kløver, og stel aust stel sør over og spelar ståande kløver. Men dette går jo gale med ein gong om aust frå start hadde dobbel eller singel kløver eller singel ruter. Den andre moglegheita er at aust berre hadde tri hjarter frå start, då kan ein halde fram med spar ni som pressar ut knekten, og aust har ikkje noko tilbakespel som trumfmattar sør. Det som fekk sør til å velja sistnemnde variant, den tapande slik det sat, var at aust stakk over hjarteren i fyrste stikk. Det vil ein som planlegg trumfmatt veldig fort gjera med trikorts hjarter, medan det er fort gjort å gløyme det med firekorts. Kanskje feil spela, men sør ville neppe gått i baret om ikkje aust hadde prøvd å tåkeleggje spelet for han.

I siste spel i dag låg mykje i meldingane. Nord vart latterleggjort både av makker og motstandarar, og han måtte då òg notere ein botn, men var det fortent?

            ª43

            ©6

            ¨KQJ42
           
§KQ1092

ªQ96              ªAJ108

©1092             ©873

¨A863            ¨75

§A75              §J863

            ªK752
           
©AKQJ54
           
¨109
           
§4

Sør var gjevar med alle i sona, og opna 1 hjerter. Vest sa pass. Kva melder du i nord no? Det er ei hand som nok var lettare å melde i gamaldagse system: Nord kunne seia 2 ruter, sør for eksempel 2 hjerter, og om nord no melde 3 kløver, hadde han vist handa si utan å krevja til mer enn 3 ruter. Men i dag bruker mange 2 over 1 som utgangskrav med mindre ein etterpå gjenmelder minoren sin, og det kan ein ikkje godt gjere med femkorts. Mange ville nok likevel meldt 2 ruter på farten i nord, men det store spørsmålet ein egentlig må ta stilling til allereie før si fyrste melding, er om handa er verd å krevja til utgang med. I lagkamp er vel svaret kanskje ja, handa er spelesterk mot nokre nøkkelkort hjå makker, men i parturnering er eg skeptisk. Hadde ein i det minste hatt dobbelton hjarter og singel spar, då kan 4 hjerter fort vera aktuelt. Men heilt utan tilpass i makkers farge, utan stoggar i spar og med to fargar som båe manglar esset og som dimed kan bli svært vanskelege å få henta i 3 grand, trur eg ein bør nøye seg med 1 grand over 1 hjerter. I ein del tilfelle vil sør koma attende med ei oppmuntrande melding, men i dette tilfellet seier han 2 hjarter. Kva no? Det er eigentlig lite som har endra seg; grand verkar motbydelig og hjertertilpasning har ein ikkje. Nord valde pass og alle lo av korta som kom på bordet, men med greitt motspill fekk sør berre ni stikk. Nord var nøgd med meldingane sine, då 3 grand frå hans hand bør være ei enkel beit med det sannsynlege sparutspelet: Ein kan ikkje stikke korkje fyrste eller andre spar, for då har forsvaret kommunikasjon til å ta tri sparstikk og to ess, men dukkar ein to gonger kan dei ganske enkelt ta for spar ess, ruter ess og kløver ess. Diverre hadde nesten alle i Tromsø BK 1933 meldt noko slikt som 1 hjerter – 2 ruter; 2 hjerter – 3 kløver; 3 grand. Dimed var kontrakten i sør, og med spar ut derifrå må aust halde attende esset for å beite. Det kan ikkje ha skjedd, for alle vann 3 grand. Men det bør vera ein tankekross at 3 grand teoretisk sett var ein elendig kontrakt, sjølv om sør med spar konge og gåande hjarter hadde ein regelrett kval. Han kan ha mykje dårlegere kort for opning 1 hjerter, og då er det iallfall langt fram til utgang. 

Konklusjonen etter desse analysane kan berre bli at det er umogleg å konkludere; i Tromsø som andre stader er bridgespelarane labile og kaprisiøse. Generelt har vel norske bridgespelarar sin styrke meir i sjølve spelet enn i meldingane, men motspela kan tidvis bli vimsete, og det hender også at dei melder betre enn dei fører korta. Med andre ord er det dumt å basere seg på at ein motstandar skal spela slik og slik; han eller ho kan når som helst koma til å gjera det stikk motsette av det ein forventa seg. Det einaste ein kan påverke, er sin eigen konsentrasjon og innsats ved bordet. Som bridgespelar er ein i sanning sin eigen beste ven eller verste fiende; diverre som oftast det siste. Men dette får vera nok filosofi for i dag. No må eg ut og granske Tromsøs arkitektur og infrastruktur, så eg iallfall ikkje manglar slike kunnskapar til sumaren. Kven veit, kanskje eg faktisk kan greie å koma på middels i EM?

Vi holdt ikke inn.....

06.10.2014

Før vi satte oss ned for å spille siste runde hadde makker og jeg 10 poeng og ledet med 7 til andremann som var Henning og Trond. og dette var også det paret vi skulle møte. Luringene Trond og Henning gjorde ingen feil og dermed fikk de 7 poeng i runden og ditto minus på oss. De vant dermed heile shiten. Gratulerer ! Runar og Morten klarte også å gå forbi oss på resultatlisten.

 

Men desverre møtte det opp bare 3 bord ikveld, dermed er ikke turneringen med i sammenlagten, Jeg vet om det er flere som er på reise, så høstferien får ta skylda for det.

Kan forøvrig si at resultatlisten fra forrige mandag nå er rettet opp, så alt stemmer slik det burde gjøre. Det er fortsatt 2 kvelder igjen før Klubbmestertittelen er tildelt og jeg lover vi skal gi kamp til døra !

Vi holdt ikke inn.....

Høstturnering

06.10.2014

Gratulerer til Arild og Arild som toppet i kveld

Høstturnering

Les mer...

Sluttresultater for høstjakten turnering

15.10.2014
Vinnere ble Halvard Andersen og Helge Knutsen med 293,1 poeng, på andreplass kom Yngvar Tønnessen og Eilert Sparsås med 286,4 poeng, som nummer 3 kom Ingebjørg Jacobsen og Tore B. Syvertsen med 273,5 poeng. Den videre rekkefølgen ble Henk Van Der Linden og Terje Hansen, Ebba Laabakk og Odd-Bjørn Torjussen, Arne Larsen og Anne Margrethe Larsen, Eilert Larsen og Alf Walter Larsen, Bjørn Torgeir Larsen og Kurt A. Olsen og på sisteplass Ivar Pedersen og Turid Gundersen
Sluttresultater for høstjakten turnering

Hvor kommer plussen fra?

06.10.2014 21:54

7988 Snorre Aalberg

Tags:

Dette arbeidet som jeg viser her, er noe jeg tror mange par burde tatt seg jobben med å gjøre. Ikke minst for landslagskapteiner og coacher er jeg sikker på at det er interessant å se hvor de enkelte par har sin styrke. Skal dette brukes i noen skala, er det viktig å ha mange spill som datagrunnlag. I en og en turnering vil nok tilfeldighetene slå ut, men klarer en å gjøre dette fra mange turneringer, er jeg sikker på at konklusjonene blir mer og mer pålitelige.

Nils Kvangraven er en aldri så liten racer i Excel og han tok utfordringen min med å gå gjennom egen innsats i NM par 2014. Her er resultatene og under forklarer jeg kort.



i orange ser du ANTALL SPILL og i grønt er det fokus på SCOREN.

Jeg hadde trodd at et par som Nils og Terje var spillefører i mer enn 51,6% av spillene, men det var de altså ikke denne gangen. De andre resultatene er jeg ikke veldig overrasket over. De scorer +140,7 på egne spilleføringer, desidert mest når de er i utgang. De har minus på slemmene og det har jeg sagt noe om før. Selv vil de nok hevde at dette er tilfeldig, men jeg er ikke sikker. Legg også merke til at de har pluss på motpartens slemmer. Enkelt forklart: Også andre par melder for hardt.
Jeg ville trodde de var flinke til å karre til seg gode delkontrakter, men det ser ikke ut til å stemme. I alle fall ikke denne gangen.

Så scorer de hele 70,6% av plussen sin på motspill. Det var jeg sikker på var den største styrken, fordi det er ofte i motspill en ser forskjellene på de beste og de nest beste. Gode signaler, god oversikt og flink til å telle.

Flere som har lignende analyser over egen innsats?

9.Plass til Torgeir og Ole Jørgen i Simultanturneringen

15.10.2014

Ole Jørgen og Torgeir vant tirsdagens simultanturnering i klubben.

Det holt til en fantastisk flott 9 plass sammenlagt.

Det var hele 318 par med.

Pia og Mona som ble nr 2 i simultanturneringen kom på en flott 42 plass, men de snek seg foran Ole J og Torgeir i siste runde og vant kvelden.

Edel og Mette ble nr 3 i simultan,og det holdt til en 54 plass.

SJ

9.Plass til Torgeir og Ole Jørgen i Simultanturneringen

Nå MÅ du seede trekninga i NM klubber, Harald Skjæran!

06.10.2014 22:28

7988 Snorre Aalberg

Tags: NM Klubber 2014-15

Til fredag trekkes trekant-seriene i runde 1&2 i NM klubber. Før om årene har det vært hoderysting over kvalitetsforskjellen i puljene. Enkelte puljer har inneholdt tre topplag, mens andre har vært betydelig lettere, for å si det mildt.

Det verste er hvis det er to svært gode lag og et dårlig i en pulje. De to gode lagene er det ikke så farlig med. De spiller omtrent middels mot hverandre og slår de siste laget så mye at begge går videre. Det ene som puljevinner og det andre som en av de beste toerne. Det laget det er "synd" på, er det svakeste. Etter å ha tapt den første kampen stort mot det ene gode laget, gidder de ikke en gang møte opp til den andre kampen fordi toget har gått. De trenger ikke mer juling, fordi det var ikke derfor de meldte seg på. "Vi trekker oss!", noe som ikke er heldig for noen parter.

De bør i stedet (i så stor grad som det er mulig)  få et middels godt lag eller helst et lag omtrent på eget nivå. Da kan de vinne den kampen, pluss at det er mye mer motiverende å spille mot det presumptivt gode laget i pulja. Med et hederlig resultat der, kan de gå videre som toer. 

Grand Prix

Mandag 06.10.14

06.10.2014

 Seier til Flemming Johnsen og Svein Åstrøm i kveld. Vi gratulerer

Mandag 06.10.14

Nye Medlemmer

15.10.2014

Etter at Drangedal la ned klubben sin i høst har Lisbeth og Hans Magnar begynt å spille hos oss

Det er vi veldig glad for, for så hyggelige og blide personer skal man lete lenge etter.

Lisbeth og Hans Magnar

SJ

 

Nye Medlemmer

« Forrige Neste » 1... 2834 2835 2836 2837 2838 2839 2840 2841 2842 2843 2844 2845 2846 2847 ...12003



Levert av Digimaker AS Forslag til forbedringer