Forsiden
Tips Login
Bridgekrets.com
  • Kretser
  • Siste nytt
  • Om bridgekrets.no
  • Medlemmer
  • Redigering
  • Sponsorer
  • Hjelp

Bridgefestival
  • Bannere
  • Nyheter
    • Bilder
    • Videoer
    • Bulletiner
  • Turneringsinfo
  • Påmelding
  • Resultater
  • Festivalbyen
  • Arkiv


Passivitet er det beste forsvar

Harald Berre Skjæran
Passivitet er det beste forsvar
11.08.2017 20:02
Folk spelar så mange slags rare konvensjonar i desse ulvetider. Det kan vera vanskeleg å vita korleis ein skal forsvare seg mot dei alle i hop. 
Dette problemet fann Trond Bårdsen (Tromsø/Hammerfest) og Ingar Kofoed Hanssen (London/Mehamn) ei elegant løysing på under NM Monrad lag.

I nest siste kamp møtte dei eit par som spelar med overføringsinnmeldingar mot 1 kløver. Det fungerer akkurat som det høyrest ut som: Innmelding 1 ruter direkte over motpartens 1 kløver syner hjarter, 1 hjarter syner spar, medan 1 spar syner ruter. Eg har sjølv brukt denne konvensjonen, men etter minst eit par spel der eg på refleks melde inn ein farge som naturleg, og såleis i vanvare overførde til ein farge eg slett ikkje hadde, innsåg eg at den eventuelle vinninga ved konvensjonen allereie var gått opp i spinninga.

Uansett, ved synet av fiendens systemkort på bordet, spurde Kofoed Hansen sin kjære makker Bårdsen kva forsvar dei skulle bruke mot desse overføringsinnmeldingane. I kjent stil fastslo Bårdsen at det ikkje var aktuelt å dikte opp noko avansert forsvarsapparat berre for denne eine sjuspelskampen. «Vi lèt ganske enkelt vera å opna i 1 kløver,» erklærte Bårdsen.

Litt av eit forsvar! Kort tid etter sat Bårdsen i tridje hand gunstig sone med fylgjande hand:
 
ª J96
© J
¨ J1086
§ AKQ62
 

Bårdsen høyrde to passar framfor seg. Kva skulle han gjera no? I tråd med det avtalte forsvaret kunne han ikkje opna 1 kløver, så det måtte bli ein pass. Det gjekk no 1 hjarter til venstre, og to nye passar til Bårdsen. Han heldt seg hard: Pass igjen!

Slik såg heile spelet ut:

Passiviteten – både frå Kofoed Hansen og Bårdsen – var ei svært vinnande line her. Opnar til dømes Bårdsen i 1 kløver, må vest nesten doble (inga overføringsinnmelding denne gongen), og spartilpassinga kjem for dagen. Nesten heile salen hadde score aust–vest, anten gjennom heimgang i 4 spar eller beiteplukk i stampen 5 kløver dobla , så å la vest spela 1 hjarter med ei beit, var god butikk for nord–sør. Også Bårdsen–Kofoed Hansens lagkameratar, Johnny Holmbakken–Bjørnar Hagen, noterte 620 i 4 spar. 
 
Ja
Nei

Logg inn for å skrive kommentarer.

 



Levert av Digimaker AS Forslag til forbedringer