NyheterNy nyhetsartikkel
01.05.2013
KM -SINGEL, SOGNDAL 28.april. Steinar Grøneng var einaste spelar som representerte klubben i denne turneringa. Steinar spelte bra og vart nr. 6 av 36 påmelde deltakarar. Turneringa vart vunnen av Mariusz Amerek, Sogndal.
Ny nyhetsartikkel
01.05.2013
NYVAL PÅ ÅRSMØTET 2013 Følgjande var på val på årsmøtet 14.03.2013: Nestleiar: Asbjørn Feten (2 år), Kasserar: Magnus Mundal (2 år). Styremedlem: Johannes Johnstad (2 år). Revisor. Marit Vannes (1 år). Valnemnd: Nils Magnar Feten og Ole Jonny Grøneng, (1 år). Alle val samrøystes Ny nyhetsartikkel
01.05.2013
ÅRSMELDING 2012 Informasjon
21.10.2012
INFORMASJON BALESTRAND BRIDGEKLUBB.
Vi ønskjer alle spelarane velkomne til nytt bridgeår.
Den nye sesongen starta 06.september klokka 18.00. i kantina på Rådhuset.
Styret har hatt eit møte, og godkjent klubben si terminliste, som ligg ved.
Som ein kan sjå av denne, er det påmelding til divisjonsspeling og NM-lagspeling allereie komande veke. Krinsen har også bede om tilbakemelding om kor mange lag ein kan forvente i KM – lag.
Vi vonar at du kjem på bridge komande torsdag, men viss du ikkje kan og er interessert i å spele 4. divisjon, enten på Leikanger eller i Førde, må du snarast gje beskjed til underteikna, slik at ein kan sette saman lag. Det hadde vore kjekt om ein kunne stille med 2 lag i denne divisjonen. Det same gjeld KM-lag.
Det er styrevedtak på at klubben betalar startkontigenten for turneringar i krins og forbund, men ein må betale reiseutgifter sjølv.
NBF legg om kontigentsatsane komande år. Ein veit såleis ikkje kor mykje ein skal betale i klubblisens. Det får vi kome tilbake til. Ein må likevel vite om ein framleis skal vere medlem i klubben. (Innan 1.november).
Synnøve Balevik, leiar.
|